onsdag 29. desember 2010
Julekavalkade 2010!
Her kjem ein liten biletekavalkade, frå koselege juledagar på Stanghelle!
På litla julafto pynta Kadlin og Kristina julatreet (med litt hjelp). Kadlin var mest opptatt av å plukka kulene ned igjen frå treet, og Kristina satt boms på baken og fulgte med på kva alle andre foretok seg.
På julafto rakk me å besøka spreke oldeforeldre på Vaksdal. Alltid stas når me kjem på besøk, og Kristina koser seg hos dei. Kjekt å kunna foreviga dei sammen med Kadlin.
mandag 20. desember 2010
Kusine Kadlin!
Kristina har endeleg fått treffe sin kusine Kadlin som bur på Borneo. Ho er på ein 10 dagers norgetur med mor og far. Det fyrste møtet fant stad 15. desember. Då var Kristina 8,5 mnd og Kadlin 11,5 mnd. No har familien fra Borneo besøkt venner og kjente, men me ser dei igjen denne veka, og skal feire julafto sammen med dei! Det skal bli koseleg ;-)
søndag 12. desember 2010
Julebakst 2010
I haust har det vore veldig mykje sjukdom i familien. På grunn av dette har blogginga komt i andre rekke, så det byrjar å bli lenge sidan sist. Men no går det bedre med alle dei sjuke, så då er det på tide å blogga igjen!
I dag var me på julebakst heime hos Gøril i Åsane! Kristina var ivrig tilskodar, ho fekk ikkje tak i deigen, for den hadde nok gått rett i munnen... Ser de forresten at ho byrjar å få hår!
Anthony kunne skriva under på at Kristina hadde fått meira hår sidan sist
I dag var me på julebakst heime hos Gøril i Åsane! Kristina var ivrig tilskodar, ho fekk ikkje tak i deigen, for den hadde nok gått rett i munnen... Ser de forresten at ho byrjar å få hår!
mandag 18. oktober 2010
Feiring av pappen!
lørdag 9. oktober 2010
Sitta sjølv!
Sjå så flink Kristina har blitt til sitta sjølv! Ho heldt balansen lengre og lengre dag for dag, før ho må gje seg. Ho har hatt nokre kantringar... ikkje så behageleg for ho når det skjer, men ho lærer tydeligvis noko av det. No har ho blitt veldig flink på å ta seg inn igjen, når ho er på veg til å tippa over.
Ho treng at nokon er i nærleiken, og hjelper ho over i ein annan stilling. Blir ho for sliten, så ender det med "boms i bakken", med hovudet fyrst. Snart klarar ho nok å skifta stilling sjølv også. Flinken vår!
lørdag 2. oktober 2010
1/2 åring i hus!
No har Kristina rukke å bli eit halvt år alt! På dagen 6 mnd gammal , så fekk ho si fyrste tann. Det var litt sutring eit par timar, og når mammo sjekka i munnen hennas, så var det plutseleg komt ein litten "pigg" nede til venstre. Så no er det på tide å begynna med tannpuss....
me må prøva å få inn gode rutinar på tannhygienen, så ho slepp å få trøbbel med tenna, slek som enkelte (kremt) andre i familien har slete med...
Pappen er på jobb igjen, så han gjekk glipp av halvtårsdagen til Kristina, og ikkje minst feiring av sin eigen 35 årsdag, som var 1.oktober. Me får feira litt når pappen kjem heim att.
Imens me venter på att pappen skal komma heim, fartar me litt rundt om kring på besøk til slekta. Her er me på besøk hos tante, onkel og kusino. Kristina har fått låna stolen til Mari, så her er det service.
Det begynner å bli kalde dagar no. Me er godt igang med hausten, og frosten har meldt seg om natta. Her har Kristina tatt på seg isbjørn habitten, som den ekte nordmannen ho er ;-) ein må ha varme klede her til lands, det skal ho nok snart få lære seg. Foreløbig er ho litt skeptisk til kvifor mammo skal pakka på ho så masse klede berre me skal ein svipptur...
me må prøva å få inn gode rutinar på tannhygienen, så ho slepp å få trøbbel med tenna, slek som enkelte (kremt) andre i familien har slete med...
Imens me venter på att pappen skal komma heim, fartar me litt rundt om kring på besøk til slekta. Her er me på besøk hos tante, onkel og kusino. Kristina har fått låna stolen til Mari, så her er det service.
tirsdag 21. september 2010
Bursdagsbesøk x 2!
I helga var Kristina og mamsen i bursdagsbesøk både til bestemor på fredagen, og på søndagen til søte Nadia som har blitt heile 4 år! I mellomtida var papsen på guttetur til Tyskland på oktoberfestival. Han kom heim att tirsdag, og hadde handla både kle til veslemor og diverse godsaker til mor :-)
Nadia blåser stolt ut lysene på marsipankaka. Før kaka fekk dei heldige gjestane deilig lammelår med fløtegratinerte poteter.
mandag 13. september 2010
Sumar i september!
Sidan forrige innlegg har me atter ein gong vore på Holmefjord. Me trives så godt dar, og det er ikkje noko problem å ha med seg baby dit.
Denne turen fekk me kjempefint sumarvær frå mandag til fredag! Deilig etter ein heller kald sumar. Lørdagen kom regnet, og då reiste me heim igjen.
Kristina har fått vore mykje ute desse dagane. Ho får lov til å sitte litt opp i vogna no, for ho er så nysgjrrig på kva som foregår rundt seg. Når me er på tur har ho ikkje tid til å liggja nede i vogna og sova.
Denne turen fekk me kjempefint sumarvær frå mandag til fredag! Deilig etter ein heller kald sumar. Lørdagen kom regnet, og då reiste me heim igjen.
lørdag 4. september 2010
Den fyrste tannbørsten!
Kristina har ikkje fått eigne tenner endå, men ho brukar mykje tid på å gomla på alt som kjem i hennar vei, så det virker som det klør i gommane. Det er nok ikkje så lenge før tenna byrjar å titta fram.
Me var på butikken i dag, og då kjøpte me Kristina sin fyrste tannbørste. Ho fekk plukka han ut sjølv. Ho valgte den gule og raude. Når me er på butikken, sit Kristina i eit babysete som er festa på handlevogna. Der likar ho og sitte og studere folka og alle varene i butikken i fargerik embalasje.
"I dag har eg fått meg ein tannbørste. Men korleis er det eg bruker denne tingesten? Ser ut til at mammo meiner dette blei feil måte."
Me var på butikken i dag, og då kjøpte me Kristina sin fyrste tannbørste. Ho fekk plukka han ut sjølv. Ho valgte den gule og raude. Når me er på butikken, sit Kristina i eit babysete som er festa på handlevogna. Der likar ho og sitte og studere folka og alle varene i butikken i fargerik embalasje.
søndag 29. august 2010
Stanghelle besøk!
Imens me venter på at pappen skal komma heim frå jobben i Nordsjøen, har Kristina og eg tatt oss nokre turar på besøk til slekta på Stanghelle.
Kristina synest det er kjekt å sitte (helst stå) på fanget til bestemor og sjå på dyrene i boka.
lørdag 21. august 2010
Late dagar på Sotra!
Endeleg har det vore litt sumarvarme på Sotra, og me har nytt nokre late dagar på terassen. Me har fått oss ny parasol som Kristina har lagt og kost seg under. Me andre har foretrekt å få litt sol på skroget!
Nei, me har ikkje fått oss ny hund.... han har berre pynta seg litt:) Me har nemmeleg fått ny kvit grus bak garasjen, og gubben har funne ut at den er nydelig å skrubba seg i. Resultatet ser dermed slek ut:-)
torsdag 12. august 2010
Hyttetur 5-10 august!
Den 5-10 august tok me oss ein tur til Holmefjord igjen. Dar likar me oss veldig godt alle saman. Me håpte jo på litt sumarvarme, men det blei det desverre lite av. Eit og anna glimt av sol, men for det meste overskya. Me koste oss alikevel. Det var fint turvær så me traska og gjekk. Kristina er fortsatt så lita at ho kan sova i vogna om natta, så det gjer ting veldig enkelt.
Me koser oss i stova på hytta. Snart leggetid for minsten. Då blir ho smal i augo..
onsdag 11. august 2010
Min fyrste vaffel :-)
tirsdag 3. august 2010
Sommer på Sotra!
Noko varm sommar har me ikkje hatt på Sotra... i år heller. Men me koser oss så godt me kan, og dagane er kjekke dei, fordi om me ikkje har hatt dei store utfartane i år. Det får me ta igjen når Kristina har blitt litt eldre, og har utbytte av å vera med på forskjellige saker og ting.
Kristina har komt inn i ein veldig fin døgnryme. Ho søv i ca 9 timar samanhengane om natta, får mat og søv så i 4 timar til. På dagtid har ho to gode kvilar på ca. 2 timar kvar. Med andre ord søv ho ca. 17 timar i døgnet, så mor og far er kraftig bortskjemte... hehe. Nesten så me ikkje tør å fortella kor bra sovingen fungerer, når me treff andre småbarnsforeldre, for dei fleste har nok meir å stri med enn oss...
Kristina er for det meste blid og frykteleg nysgjerrig på alt rundt seg. Ho studerer alltid omgivelsane inngåande. Derfor er det artig å ha ho med på nye plassar f.eks på butikkar, for då blir ho djupt fasinert av alt ho ser:-)
Kristina har komt inn i ein veldig fin døgnryme. Ho søv i ca 9 timar samanhengane om natta, får mat og søv så i 4 timar til. På dagtid har ho to gode kvilar på ca. 2 timar kvar. Med andre ord søv ho ca. 17 timar i døgnet, så mor og far er kraftig bortskjemte... hehe. Nesten så me ikkje tør å fortella kor bra sovingen fungerer, når me treff andre småbarnsforeldre, for dei fleste har nok meir å stri med enn oss...
tirsdag 27. juli 2010
4 mnd kontroll!
I dag har me vore på 4mnd kontroll med vetlajento vår. Kristina var blitt 6280 gram og 61 cm. Ho var som kjent under gjennomsnittet då ho kom til verda, men no har ho klatra godt på vekstkurven, og er berre så vidt under gjennomsnittet.
Helsesøstra var imponert over kor sterk Kristina er i kroppen. Noko av det kjekkaste ho gjer er å stå på beina sine. Ho står kun med litt støtte, for ho er naturleg nok ustø, men ho kan stå i fleire minutt. Dei fleste babyar på denne alderen klarar ikkje dette, men sviktar i knea.
Ellers så har ho blitt veldig flink til å gripa etter rangler og "føra dei til munnen" som helsesøstera sa. Ho har ikkje begynt å snu seg endå, men det begynner nok å nerma seg.

Kjellsbu for fyrste gong!
Helga 23-25 juli var Kristina og mammo på besøk på hytto til bestefar og bestemor i Bergsdalen. Hytto heiter Kjellsbu og det var fyrste gong Kristina var på besøk der.

Kaffikos i hytteveggen. Det var helst litt kaldt vær, så me pakka veslemor godt inn i ull for å kunna sitta ute.
Bestefar og bestemor har kjøpt ei reiseseng, som Kristina innvia denne helga. Mammo la ho etter den vanlege leggerutinen, og det hørtes ut til at Kristina la seg til ro. Me tørte ikkje å sjå inn, før det hadde gått ei heil stund, for me var redd for å forstyrra ho, når ho holdt på å sovna. Då mammo endeleg titta inn, var dette det synet som møtte ho. Kristina ligg på tvers i senga heilt oppe i hovudenden... Me fekk oss ein god latter:)
Ei blid jente på bestesauen til gamle onkel Johannes. Skinnfellen er kjempestor og arvegods etter oldemor Mary, og har hengt på loftet i hytto. Kristina syntes den var vekdig god å ligga på.
Abonner på:
Innlegg (Atom)