Endeleg har det vore litt sumarvarme på Sotra, og me har nytt nokre late dagar på terassen. Me har fått oss ny parasol som Kristina har lagt og kost seg under. Me andre har foretrekt å få litt sol på skroget!

Nei, me har ikkje fått oss ny hund.... han har berre pynta seg litt:) Me har nemmeleg fått ny kvit grus bak garasjen, og gubben har funne ut at den er nydelig å skrubba seg i. Resultatet ser dermed slek ut:-)

Kristina har allererde blitt ein lesehest... Hello Kitty boka er populær. Den knitrar når ho blar i den og er laga av tøy i fine fargar. Når mammo har sete med krimboka si på terassen, har Kristina lest og tygd på Kittyboka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar