søndag 29. august 2010

Stanghelle besøk!

Imens me venter på at pappen skal komma heim frå jobben i Nordsjøen, har Kristina og eg tatt oss nokre turar på besøk til slekta på Stanghelle. Kristina synest det er kjekt å sitte (helst stå) på fanget til bestemor og sjå på dyrene i boka.


Bestefar leikar på golvet med jentene sine. Den største jenta har eit litt anna tempo enn minsto. Da kjem vel med at han har god kondis ;-)



Det er stor trafikk på golvet. Heldigvis er bestemor vant til å dirigere!




Det blei tid til litt kyss, klapp og klem med tante, onkel og Mari. Det må til for å bli betre kjendt. Kristina var meget fasinert av Mari sin fine raude gensar. Kusino på si side synest det er litt lite guff i Kristina. Me får sjå om det ikkje tar seg opp etterkvart...





Goooooingane ;-)






lørdag 21. august 2010

Late dagar på Sotra!

Endeleg har det vore litt sumarvarme på Sotra, og me har nytt nokre late dagar på terassen. Me har fått oss ny parasol som Kristina har lagt og kost seg under. Me andre har foretrekt å få litt sol på skroget!

Nei, me har ikkje fått oss ny hund.... han har berre pynta seg litt:) Me har nemmeleg fått ny kvit grus bak garasjen, og gubben har funne ut at den er nydelig å skrubba seg i. Resultatet ser dermed slek ut:-)

Kristina har allererde blitt ein lesehest... Hello Kitty boka er populær. Den knitrar når ho blar i den og er laga av tøy i fine fargar. Når mammo har sete med krimboka si på terassen, har Kristina lest og tygd på Kittyboka.


torsdag 12. august 2010

Hyttetur 5-10 august!

Den 5-10 august tok me oss ein tur til Holmefjord igjen. Dar likar me oss veldig godt alle saman. Me håpte jo på litt sumarvarme, men det blei det desverre lite av. Eit og anna glimt av sol, men for det meste overskya. Me koste oss alikevel. Det var fint turvær så me traska og gjekk. Kristina er fortsatt så lita at ho kan sova i vogna om natta, så det gjer ting veldig enkelt.

Me koser oss i stova på hytta. Snart leggetid for minsten. Då blir ho smal i augo..

Me har dekka på til kveldsmat: rundstykker, pålegg, te og... baby! Ikkje alltid like kjekt å ligge nede på golvet. Spesielt ikkje når ho byrjar å bli trøtt. Me får prøva å ikkje la det bli ein vane heime.. hehe...

Mor og storebror er ute og går. Me snakkar om vind og vær (og vaflar) imens tullemor tar seg ein formiddagsblund i vogna si.


Lekse fra helsesøster til Kristina og oss, er at ho må ligge meir på magen, for å bli sterk i nakken. Far og storebror er engasjerte pådrivarar...



onsdag 11. august 2010

Min fyrste vaffel :-)

Kva er dette då? det luktar i allefall litt spanande... Mammo og pappen ser ut til å meina at dette er noko som er godt å putta i munnen.


Hm.. skeptisk. Merkelig konsistens. Aldri kjent makan.


Heldigvis fant eg tommelen igjennom denne rare tingen... tommelen er best!!


tirsdag 3. august 2010

Sommer på Sotra!

Noko varm sommar har me ikkje hatt på Sotra... i år heller. Men me koser oss så godt me kan, og dagane er kjekke dei, fordi om me ikkje har hatt dei store utfartane i år. Det får me ta igjen når Kristina har blitt litt eldre, og har utbytte av å vera med på forskjellige saker og ting.

Kristina har komt inn i ein veldig fin døgnryme. Ho søv i ca 9 timar samanhengane om natta, får mat og søv så i 4 timar til. På dagtid har ho to gode kvilar på ca. 2 timar kvar. Med andre ord søv ho ca. 17 timar i døgnet, så mor og far er kraftig bortskjemte... hehe. Nesten så me ikkje tør å fortella kor bra sovingen fungerer, når me treff andre småbarnsforeldre, for dei fleste har nok meir å stri med enn oss...
Kristina er for det meste blid og frykteleg nysgjerrig på alt rundt seg. Ho studerer alltid omgivelsane inngåande. Derfor er det artig å ha ho med på nye plassar f.eks på butikkar, for då blir ho djupt fasinert av alt ho ser:-)

Mammo har fått ei lita sol på fanget. Me koser oss heime i stova.



Det har ikkje vore særleg varmt siste par vekene, så snuppo må kles godt på vist me skal våga oss ut. Her er me ute på terassen vår. Me har fått oss ny parasoll, som Kristina ligg under på gymmen sin. Storebror Balder passar på:-)



Noko av det kjekkaste Kristina veit, er å stå oppreist. Ho har blitt råsterk i beina. Ho står faktisk av eiga maskin, men ho klarar ikkje å holda balansen, så me må naturleg nok holda eit tak i ho.