Imens me venter på at pappen skal komma heim frå jobben i Nordsjøen, har Kristina og eg tatt oss nokre turar på besøk til slekta på Stanghelle.

Kristina synest det er kjekt å sitte (helst stå) på fanget til bestemor og sjå på dyrene i boka.

Bestefar leikar på golvet med jentene sine. Den største jenta har eit litt anna tempo enn minsto. Da kjem vel med at han har god kondis ;-)

Det er stor trafikk på golvet. Heldigvis er bestemor vant til å dirigere!

Det blei tid til litt kyss, klapp og klem med tante, onkel og Mari. Det må til for å bli betre kjendt. Kristina var meget fasinert av Mari sin fine raude gensar. Kusino på si side synest det er litt lite guff i Kristina. Me får sjå om det ikkje tar seg opp etterkvart...
Goooooingane ;-)
Finaste kusinena :)
SvarSlettTrur de må komma deko te Stanghelle sjøl om pappen kjem heim ;)