mandag 29. mars 2010

39+4 veker!

Eg vakna kl. 03 i natt med vondt i magen. Låg og kjente litt i halvsøvne på dette, før det gjekk opp for meg at dette ikkje var "normale" smerter. Dei kom som bølger, fyrst svake, så sterkare så svake igjen, til dei forsvant og var vekke nokre minutter. Etter ei stund kom det stadig ei ny bølge.
Blei forundra på om dette kunne være rier. Sto opp og begynte å skrive ned på ark kor ofte og kor lenge smertene varte. Det viste seg at dei var veldig uregelmessige. Varte fra 10 sek til 60 sek, og kom med 3 til 10 minutters mellomrom. Det var ein heilt spesiel form for smerte som eg ikkje har kjent før. Vanskelig å beskrive , må opplevas. Men etter ca 3 timar dabba dei av igjen. Eg gjekk og la meg og sovna, og når eg våkna kl. 09.00 var dei vekke. Då det sto på i natt, kom det litt slim med blod i når eg gjekk på do (slimpropp?), pluss at eg har hatt laus mage siste døgnet. Dette skal vere typiske tegn på at ting er på gang...

Men i dag har det ikkje vore ei einaste smertebølga... berre litt murring i magen innimellom. Så eg er spent på kva natta kjem til å bringa med seg...
Eg var til legen i dag, og fortalte om nattens strabaser. Han trudde ikkje det ville skje noko umidddelbart, men han ga inntrykk av at eg ikkje kunne ha så mange dagane igjen...
Eg har vore i fin form i det siste, så eg har ikkje vore så utolmodig etter å komma igang med fødselen, men no lure eg fælt på korti det blir noko action;-)
Tenk at me skal snart få møta vetle skatten vår. Det blir utrulig spennade.

torsdag 11. mars 2010

37 veker!!

Månadane har rast avgårde, og eg er i dag 37+0 veker på veg!!
Har min fyrste dag av svangerskapspermisjonen i dag. Det føles som ein milepel... eit skritt nermare den foreståande fødselen!

I vinter har me hatt det veldig hektisk på jobb. Mange har vore sjukemeldte av diverse årsaker, og me har hatt det fullt i avdelingen. Eg har heldigvis vore i fysisk bra form. Eg har ikkje hatt problemer med rygg eller bekken plager.
Det som har plaga meg mest, er at eg har vore ein del trøyt. Har for det meste gått delvis sjukemeldt sjølv. I 50 eller 60 % og det har fungert greit.
I går når eg hadde siste dagen min på jobb, sa sjefen min, at ho syntes eg har gjort ein veldig bra innsats, med tanke på det belegget som har vore på avdelingen. Kjekt å ta med seg, når eg no skal tenke på heilt andre ting ei stund.
Kjem sikkert til å savna folka på jobben, men eg kan jo stikke innom på besøk...

Akkurat no lurer eg på kva eg skal bruke all tida til... Rekner med å ha nokre veker igjen til fødselen endå:)
Me har litt å ordne med i huset, som er greit å få unna før småen kjem. Sambuaren min kjem heim fra jobb om 5 dagar, så då får me putla på litt. Det skal ryddas ein del i skuffer og skap, og babyseng og stellebord skal monteres.

På grunn av min sta sambuar, så veit me ikkje kva kjønn det er på småtassen. Han ville beholde spenningen.... sukk. Dette har ført til vill tipping blant slekt og vener.
Dei fleste heldt ein knapp på gutt... eg med, men han som blir pappa tipper jente.... Så får me sjå... tida vil gje svar...