No har da gått 25 dagar sidan Kristina kom til verda. Dagane har rast avgårde, så eg har ikkje fått tid til å oppdatere før no. Fødselshistoreien trur eg eg tar i eit eige innlegg, for den kan bli lang.
Kan heller fortella litt om korleis dagane våre er no. Kristina er ei nydelig lita jente, som for det meste virker fornøyd med tilværelsen. Ho var berre 2900 gram og 46 cm, då ho kom til verda, 4 dagar før termin, men ho virker sunn og sterk, og veks og legge på seg.
Pappaen til Kristina måtte reisa på jobb då ho var blitt 13 dagar gammal. Mammo og Kristina var nokre dagar aleine på Sotra, men sia har dei budd heime hos bestemor og bestefar til Kristina, så mammo har fått veldig god hjelp av dei til å ta seg av den lille.
Storebror Balder har vore hos farmor og farfar, så dei og har vore til stor hjelp. No nermar det seg heldigvis at pappen kjem heim igjen på tirsdag.