mandag 14. februar 2011

Sydensnuppa vår :-)

Hei folkens! Gjett om det var deilig å krabbe rundt på balkongen på Lanzarote i nettoen! Kan anbefalast på da varmaste ;-) Eg heldt balansen med tunga mi, så går det så bra...
No koser me oss felt du pappa :-)

Lanzarote 5-12 februar 2011!

Me har akurat komt heim etter ei veke på Lanzarote! Me var veldig spente på korleis Kristina ville lika seg, spesielt på korleis flyturen til og fra ville gå. Flyginga gjekk heldigvis veldig bra. Begge vegar sov Kristina i starten og var våken og blid resten av turen. Største problemet me fekk på ferien, var å få Kristina til å sova på dagtid. Det hadde ho ikkje tid til, for ho skulle ha med seg alt som skjedde. Det som fungerte best var å trille tur, slek at ho sovna i vogna.
Her koser Kristina og mamma seg i bassenget på hotellet.
Me var for det meste heldige med været. Overskya ein dag, ellers sol, men ein del vind.
Hotellet hadde heilt grei standard. Fyrst fekk me ein leilighet på bakkenivå. Dag to fekk me bytta til ein leilighet med balkong, for Kristina har no blitt ein resar på å krabba. Når me satt ute ved den fyrste leiligheten, blei det ikkje mykje avslaping på mammo og pappen, for dei hadde nok med å hanka inn igjenn vetlo, som krabba avgårde. På balkongen kunne me slappa litt bedre av, for der kom ho ikkje så langt. I løpet av ferien har Kristina også fått sving på å reisa seg opp etter alle tenkelige ting. Det er opp å stå som er kjekt!

Kjekt å sitta høgt på pappen sine skuldrar, og få litt overblikk på denne merkelige plassen.
Me gjekk mykje tur i området rundt hotellet, men ein dag leigde me bil, og tok oss ein sightseing på øya på eigenhånd. Lanzarote er ikkje større enn at me kjørte ca. rundt heile på ca. 3 timar. Her er me heilt nord på øya. Lanzarote er ei vulkanøy og i bakgrunnen er det masse svart lavastein.
Kristina koste seg veldig i den nyinnkjøpte trilla si. Der kunne ho sitta og sprella med tærne imens me slentra avgårde.

På slutten av ferien fekk Kristina eit utbrudd med eksem på , kroppen. Ho hadde litt tendensar til eksem før me reiste, men i løpet av turen blei det mykje hissigare, og på fleire plassar. Kristina var ein del urolig og rastlaus på slutten av oppholdet. Me tenkte at ho kanskje hadde søvnunderskudd, og var litt overstimulert, men det kan være at utslettet klødde ein del og. Det ser ikkje godt ut, minner veldig om atopisk eksem. Personleg mistenker eg solkremmen me brukte til ho, for å ha utløyst eksemet, så fra no av blir det spesialkremmar. Er igang med å smørra ho med nyinnkjøpt salve, for å prøva å få eksemet vekk, og det har blitt mykje betre no.
Ei nøgd jente i vogna si! Dette kan me gjere flerie gongar...