mandag 18. oktober 2010
Feiring av pappen!
I går hadde me familiebesøk på Stanghelle for å feira pappen sin 35 års dag! Pappen fekk presangar og Kristina og kusine Mari var ivrige medhjelparar når pakkene skulle åpnas. Gavepapir og pyntebånd, var minst lika kjekt som innholdet.
Sjå så fint lilla bånd det var på denne pakka!
lørdag 9. oktober 2010
Sitta sjølv!
Sjå så flink Kristina har blitt til sitta sjølv! Ho heldt balansen lengre og lengre dag for dag, før ho må gje seg. Ho har hatt nokre kantringar... ikkje så behageleg for ho når det skjer, men ho lærer tydeligvis noko av det. No har ho blitt veldig flink på å ta seg inn igjen, når ho er på veg til å tippa over.
Ho treng at nokon er i nærleiken, og hjelper ho over i ein annan stilling. Blir ho for sliten, så ender det med "boms i bakken", med hovudet fyrst. Snart klarar ho nok å skifta stilling sjølv også. Flinken vår!
lørdag 2. oktober 2010
1/2 åring i hus!
No har Kristina rukke å bli eit halvt år alt! På dagen 6 mnd gammal , så fekk ho si fyrste tann. Det var litt sutring eit par timar, og når mammo sjekka i munnen hennas, så var det plutseleg komt ein litten "pigg" nede til venstre. Så no er det på tide å begynna med tannpuss....
me må prøva å få inn gode rutinar på tannhygienen, så ho slepp å få trøbbel med tenna, slek som enkelte (kremt) andre i familien har slete med...
Pappen er på jobb igjen, så han gjekk glipp av halvtårsdagen til Kristina, og ikkje minst feiring av sin eigen 35 årsdag, som var 1.oktober. Me får feira litt når pappen kjem heim att.
Imens me venter på att pappen skal komma heim, fartar me litt rundt om kring på besøk til slekta. Her er me på besøk hos tante, onkel og kusino. Kristina har fått låna stolen til Mari, så her er det service.
Det begynner å bli kalde dagar no. Me er godt igang med hausten, og frosten har meldt seg om natta. Her har Kristina tatt på seg isbjørn habitten, som den ekte nordmannen ho er ;-) ein må ha varme klede her til lands, det skal ho nok snart få lære seg. Foreløbig er ho litt skeptisk til kvifor mammo skal pakka på ho så masse klede berre me skal ein svipptur...
me må prøva å få inn gode rutinar på tannhygienen, så ho slepp å få trøbbel med tenna, slek som enkelte (kremt) andre i familien har slete med...
Imens me venter på att pappen skal komma heim, fartar me litt rundt om kring på besøk til slekta. Her er me på besøk hos tante, onkel og kusino. Kristina har fått låna stolen til Mari, så her er det service.
Abonner på:
Innlegg (Atom)