Sjå så flink Kristina har blitt til sitta sjølv! Ho heldt balansen lengre og lengre dag for dag, før ho må gje seg. Ho har hatt nokre kantringar... ikkje så behageleg for ho når det skjer, men ho lærer tydeligvis noko av det. No har ho blitt veldig flink på å ta seg inn igjen, når ho er på veg til å tippa over.
Ho treng at nokon er i nærleiken, og hjelper ho over i ein annan stilling. Blir ho for sliten, så ender det med "boms i bakken", med hovudet fyrst. Snart klarar ho nok å skifta stilling sjølv også. Flinken vår!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar