No har Kristina rukke å bli eit halvt år alt! På dagen 6 mnd gammal , så fekk ho si fyrste tann. Det var litt sutring eit par timar, og når mammo sjekka i munnen hennas, så var det plutseleg komt ein litten "pigg" nede til venstre. Så no er det på tide å begynna med tannpuss....
me må prøva å få inn gode rutinar på tannhygienen, så ho slepp å få trøbbel med tenna, slek som enkelte (kremt) andre i familien har slete med...

Pappen er på jobb igjen, så han gjekk glipp av halvtårsdagen til Kristina, og ikkje minst feiring av sin eigen 35 årsdag, som var 1.oktober. Me får feira litt når pappen kjem heim att.
Imens me venter på att pappen skal komma heim, fartar me litt rundt om kring på besøk til slekta. Her er me på besøk hos tante, onkel og kusino. Kristina har fått låna stolen til Mari, så her er det service.

Det begynner å bli kalde dagar no. Me er godt igang med hausten, og frosten har meldt seg om natta. Her har Kristina tatt på seg isbjørn habitten, som den ekte nordmannen ho er ;-) ein må ha varme klede her til lands, det skal ho nok snart få lære seg. Foreløbig er ho litt skeptisk til kvifor mammo skal pakka på ho så masse klede berre me skal ein svipptur...
Takk for besøket! De e hjertelig velkommen att- SNART! :) Kjekt å sjå at tullo veks og vert stor. Mari gleda oss te da blir litt meir futt i ho, da blir gøy! :)
SvarSlett