tirsdag 27. juli 2010

4 mnd kontroll!

I dag har me vore på 4mnd kontroll med vetlajento vår. Kristina var blitt 6280 gram og 61 cm. Ho var som kjent under gjennomsnittet då ho kom til verda, men no har ho klatra godt på vekstkurven, og er berre så vidt under gjennomsnittet.
Helsesøstra var imponert over kor sterk Kristina er i kroppen. Noko av det kjekkaste ho gjer er å stå på beina sine. Ho står kun med litt støtte, for ho er naturleg nok ustø, men ho kan stå i fleire minutt. Dei fleste babyar på denne alderen klarar ikkje dette, men sviktar i knea.
Ellers så har ho blitt veldig flink til å gripa etter rangler og "føra dei til munnen" som helsesøstera sa. Ho har ikkje begynt å snu seg endå, men det begynner nok å nerma seg.

Kjellsbu for fyrste gong!

Helga 23-25 juli var Kristina og mammo på besøk på hytto til bestefar og bestemor i Bergsdalen. Hytto heiter Kjellsbu og det var fyrste gong Kristina var på besøk der.







Kaffikos i hytteveggen. Det var helst litt kaldt vær, så me pakka veslemor godt inn i ull for å kunna sitta ute.



Bestefar og bestemor har kjøpt ei reiseseng, som Kristina innvia denne helga. Mammo la ho etter den vanlege leggerutinen, og det hørtes ut til at Kristina la seg til ro. Me tørte ikkje å sjå inn, før det hadde gått ei heil stund, for me var redd for å forstyrra ho, når ho holdt på å sovna. Då mammo endeleg titta inn, var dette det synet som møtte ho. Kristina ligg på tvers i senga heilt oppe i hovudenden... Me fekk oss ein god latter:)


Ei blid jente på bestesauen til gamle onkel Johannes. Skinnfellen er kjempestor og arvegods etter oldemor Mary, og har hengt på loftet i hytto. Kristina syntes den var vekdig god å ligga på.





onsdag 21. juli 2010

Vippestol og babygym!

Livet er herleg når ein kan sita under parasollen på altanen og vifta med tærne i sin nye vippestol :-)




Vår lille venn begynner å bli nysgjerrig på verda, og me må prøva å stimulera ho så godt me kan. Her testar Kristina ut sin nye babygym. Frosken i midten er populær, men ikkje alle lydane i speledåsen falt i smak. Det som er ukjent kan også vere litt skummelt...

Holmefjordtur 24.-29. juni!

Den 24.juni tok me med oss Kristina på hytta på Holmefjord for fyrste gong. Me fekk nokre fine dagar og koste oss. Storebror Balder var også med.


Avslappa stemning i hytta.





Minstemann har sovna på sofaen.




Liten, men utruleg sterk i kroppen!



Me fekk besøk på søndagen, og besøket tok med seg sola. Her har snuppene kledd seg etter forholda.

Solhatt må man ha :-)




Solstråla Mari :-)





tirsdag 13. juli 2010

Dåpen 13.juni!

Eg ligg på etterskudd med å fortelle om alt som har skjedd dei fyrste 3,5 månadane av Kristina sitt liv, men dåpen den 13.juni må eg fortella litt om.
Kristina er oppkalt etter oldemor Kristine, og blei døypt 13.juni i Dale Kyrkje. Det var ein veldig kjekk dag, som blei feira i Dale Bedehus med slekt og venner. Me var 42 personar som deltok på feiringa med stort og smått. Me koste oss med snittar og kaker. Fadrane til Kristina er onkel Erlend, tante Katrine og Susanna og Petter.
Serviettane var spesialbestilt, med navnet til Kristina trykt på kvar einaste ein.


Festbordet var dekka i rosanyansar.



Her sit me på fyrste benk, og gudstjenesten skal til å starta.





To prinsesser små! Tantegull og mammagull :-)


Dette biletet er tatt 5.mai, på bursdagen til oldemor Kristine. Jenta i den orange kjolen er Kristina si kjære kusine Mari, som blei født 27. oktober 2009.

Fødselshistorien!

Det er på tide å riste av seg ammetåka og få skrevet ned fødselshistorien! Ei opleving eg seint vil gløyma. To netter på rad vakna eg i 03 tida, med smerter i magen, som kom og gjekk i nokre timar. Begge nettene sto eg opp og prøvde å finna ut om det var noko mønster på smertene, men dei var veldig uregelmessige. Ikkje var det særleg sterke smerter heller og etter nokre timar ga dei seg heilt.
Tirsdag morgen då smertene hadde gitt seg igjen, sendte eg sambuar og storesøster Viktoria avgårde på slalom på Kvamskogen, for dette kom nok til å ta si tid. Det var fortsatt 4 dagar til termin, og eg var sikker på eg skulle gå på overtid. Lite ante eg om at snuppo ville sjå lyset før dagen var omme...
Om formidaggen sov eg nokre timar og slappa av. Då sambuar og storesøster kom igjen i 14.30 tida, var alt fortsatt roleg. Sambuar kokte rømmagraut og kl. 15.00 satte me oss til bordet. Eg kjente at smertene begynte å komma tilbake igjen. Slanga meg på sofaen etterpå og prøvde å følga med på kor lang tid det var mellom det som kunne minna om rier. Dei kom frykteleg uregelmessig.

I 19.30 ringte eg til KK og spurte om å få komma inn på sjekk. Eg synst dette hadde pågått ei heil stund no, så det hadde vore greit å bli undersøkt. Dama på KK sa at eg kom nok til å bli sendt heim igjen, for av det eg fortalte, kunne ho seie med veldig stor sikkerhet at eg ikkje var i fødsel. "Tru meg, du VEIT når du er i fødsel, for då er det ingen tvil.."

Viktoria for avgårde til ei veninne, og Ketil og eg satte oss i bilen for å køyre Balder (hunden) til Arna, for å levere han til svigers... for sikkerhets skyld.
Me var veldig sikre på å bli sendt heim igjen, men det kunne jo hende at me måtte inn igjen i løpet av natta...
Me kjørte fra Sotra kl. 20.30. På veg til Arna hadde eg for fyrste gong regelmessige rier. Dei kom med ca 6 minutters mellomrom... men dei var fremdeles ikkje særleg vonde.
I bilen fekk eg ein melding av mamma som eg utsatte å svara på. Ho spute korleis det sto til og eg tenkte eg skulle svara berre eg var blitt undersøkt.

På Arna gjekk eg ut av bilen ein liten tur og sa "hei" til svigers. Då eg satte meg inn i bilen igjen skjedde det noko. Fra det øyeblikket og til me kom fram til KK kl. 22, kom riena tett som hagl, og det gjorde VONDT. Ikkje gjorde det saken bedre å riste rundt i ein bil i Grimessvingane heller. Det var ein laaang kjøretur.

Ketil beholdt roen veldig bra. Då me svingte inn til KK, freste eg til han om han "måtte køyre i alle humpane han såg". Det var umulig å ungå litt humper, for dei holdt selvfølgelig på med noko vegarbeid.
Me stolpra oss inn inngangen, og dama i luka kunne fortella oss at eg skulle på Storken. Det hadde eg ingen planar om, for eg ville ha epidural (for svingande). Dama begynte å ringe rundt på huset, og i mellomtida gjekk me på toalettet. Der gjekk for sikkerhetsskyld vatnet mitt.

Eg begynte vel å ane at eg ikkje hadde så lenge igjen til fødsel, men eg klarte ikkje å formidle til nokon kor langt eg antageleg var komt. Eg kunne jo heller ikkje vite før eg blei undersøkt, kor langt eg var komt i prosessen. (Ei ubehageleg kjensle. )
Fra me parkerte utanfor til eg endeleg blei undersøkt, føltes det som om det tok ein evighet. I følge Ketil tok det ca. 10 minutter...

Jordmora fortalte etterpå at då ho helste på meg, så tenkte ho at "det blir nok ikkje noko fødsel i natt". Ho viste oss inn på eit undersøkelsesrom. Papirena mine låg igjen i bilen, og ho ville ikkje undersøka meg når ho ikkje hadde dei, så Ketil måtte stikka og henta dei.

På dei par minuttena han var vekke, begynte det nok å demra for jordmora at eg hadde komt lengre enn ho fyrst trudde, ettersom eg hadde nokre veldig tette rier og ho oppdaga et eg blødde. Eg var i mi eiga "bobla" så eg sa ikkje så mykje.
Endelig skulle ho undersøke meg. Håper du at du kan få epidural, eller håper du at du snart skal føde" spurte ho. "Epiduraaal" sa eg. "Eg har så vondt". "Du har 9 CM åpning!" sa ho. Det var ein lettelse at dei ansatte no visste korleis ståa var. Det bar rett inn på ei fødestova, og eg kunne berre sette igang med å presse om eg ville det.

Midt oppe i det heile tenkte eg på at det var ingen i familien som var klar over at me var i fødsel. Det var kun svigers som visste at me i det heile tatt skulle inn på ein sjekk. Men me hadde ikkje tid til å underretta nokon, det måtte vente.
Klokka 23.45 var Kristina ute, etter ein time med pressrier. Mor sjølv klypte navlestrengen, faren er litt pysen når det gjeldt blod... Eg skalv så kraftig på handa etter anstrengelsen med fødselen, at eg trudde eg skulle klyppe av jordmora eit par fingrar, men det gjekk på eit vis. Ein liten halvtime etter at fødselen var overstått ringte eg til mine foreldre. Dei fekk tidenes overasking når dei fekk høyre at fødselen alt var over.

Eit lite under!