onsdag 25. mai 2011
Navnemor 90 år!
5.mai var det stor fest på Verpelstad gård. Då var det duka for 90 årsdagen til oldemor Kristine! Me kosa oss med god mat og godt selskap i trivelige lokaler. Bestefar holdt til og med tale for dei som var samla, og det blei ein kveld me vil huska lenge.
Kristina er klar til å spisa god mat. Heildekkande smekka er ein nødvendigheit for NÅKEN er ein mester i å grisa... kan det vera mammo tru?
17.mai feiring 2011!
Årets 17.mai feiring blei våt og sur. Men me koste oss som best me kunne. Kristina si spreke oldemor Erna blei 92 år denne dagen, og me feira med snittar og kake på Stanghelle.
Kristina kosa seg på fanget til oldemor. Oldemor er ein favoritt hos veslemor, og får alltid smilet og latteren fram.
tirsdag 10. mai 2011
Påskefeiring på fjellet!
Påsken i år, tok me på hytto til bestemor og bestefar!
Me reiste opp skjærtorsdag, og ned igjen 1 påskedag, og me hadde fine dagar! Flott vær og godt selskap!
Påskeharen (les bestemor) hadde vore og fylt i egget til Kristina. Der var det mykje å tygga på... det er ikkje snop, men hårpynt ho smakar på ;-)
Det var i påsken det verkeleg løsna med gåinga til Kristina. Ho tok eit vitaminglass i hånda, og gjekk resten av kvelden. Det var berre litt vitaminar som skulle til!
Me reiste opp skjærtorsdag, og ned igjen 1 påskedag, og me hadde fine dagar! Flott vær og godt selskap!
Ei stolt jenta i sving.
"Kva er eigentleg poenget med desse brillena? Eg kan sjå heilt fint utan... Eg protesterer på å måtta bruka dei! Men grauten smaka godt... det er noko med den fjelllufta..."
Hui kor fort det gjekk i meisa, på ryggen til bestefar, då me stilte i påskerennet på påskeafto. Det var kjekt å få vera med! Kristina var definitivt årets yngste deltakar. Kanskje tidenes yngste...
Abonner på:
Innlegg (Atom)