Årets 17.mai feiring blei våt og sur. Men me koste oss som best me kunne. Kristina si spreke oldemor Erna blei 92 år denne dagen, og me feira med snittar og kake på Stanghelle.

Kristina kosa seg på fanget til oldemor. Oldemor er ein favoritt hos veslemor, og får alltid smilet og latteren fram.

Eit 17.mai tog måtte me få med oss, og det tok me på Dale. Grunnen til det var att det passa betre med tidene enn Stanghelletoget, med tanke på kvilen til Kristina. På skuldrane til pappa, har ho full oversikt over toget.

Fyrste halvdel av toget var det opplett, men på slutten regna me nesten vekk. Heldigvis hadde me med oss paraplyar. Her har me stilt opp ilag med tante, onkel og Mari, før toget skal gå fra skulegata.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar