onsdag 25. mai 2011

Navnemor 90 år!

5.mai var det stor fest på Verpelstad gård. Då var det duka for 90 årsdagen til oldemor Kristine! Me kosa oss med god mat og godt selskap i trivelige lokaler. Bestefar holdt til og med tale for dei som var samla, og det blei ein kveld me vil huska lenge. Kristina er klar til å spisa god mat. Heildekkande smekka er ein nødvendigheit for NÅKEN er ein mester i å grisa... kan det vera mammo tru?


Her er jubilanten. Oldemor Kristine, som Kristina er oppattkalla etter.



Kusinene i sin finaste stas, i trappa på Verpelstad gård. Trappa var ein favoritt. Dei skulle helst fly opp og ned heile kvelden ;-)





17.mai feiring 2011!

Årets 17.mai feiring blei våt og sur. Men me koste oss som best me kunne. Kristina si spreke oldemor Erna blei 92 år denne dagen, og me feira med snittar og kake på Stanghelle.Kristina kosa seg på fanget til oldemor. Oldemor er ein favoritt hos veslemor, og får alltid smilet og latteren fram.



Eit 17.mai tog måtte me få med oss, og det tok me på Dale. Grunnen til det var att det passa betre med tidene enn Stanghelletoget, med tanke på kvilen til Kristina. På skuldrane til pappa, har ho full oversikt over toget.





Fyrste halvdel av toget var det opplett, men på slutten regna me nesten vekk. Heldigvis hadde me med oss paraplyar. Her har me stilt opp ilag med tante, onkel og Mari, før toget skal gå fra skulegata.







tirsdag 10. mai 2011

Påskefeiring på fjellet!

Påsken i år, tok me på hytto til bestemor og bestefar!
Me reiste opp skjærtorsdag, og ned igjen 1 påskedag, og me hadde fine dagar! Flott vær og godt selskap! Påskeharen (les bestemor) hadde vore og fylt i egget til Kristina. Der var det mykje å tygga på... det er ikkje snop, men hårpynt ho smakar på ;-)

Det var i påsken det verkeleg løsna med gåinga til Kristina. Ho tok eit vitaminglass i hånda, og gjekk resten av kvelden. Det var berre litt vitaminar som skulle til!

Ei stolt jenta i sving.



"Kva er eigentleg poenget med desse brillena? Eg kan sjå heilt fint utan... Eg protesterer på å måtta bruka dei! Men grauten smaka godt... det er noko med den fjelllufta..."





Hui kor fort det gjekk i meisa, på ryggen til bestefar, då me stilte i påskerennet på påskeafto. Det var kjekt å få vera med! Kristina var definitivt årets yngste deltakar. Kanskje tidenes yngste...



Det blei også tid til eit rolig slag sjakk med kusinemoren på påskeafto. Me tilskuarane er litt usikre på kven som vant, men verdenspressa var heldigvis til stade og fekk dokumentert begivenheten... som de kan sjå i bakgrunnen ;-)









mandag 11. april 2011

Veninnehelg!

9-10.april hadde me storfint besøk av mamma sine veninner med smårollingar på Sotra! Pappen hadde evakuert til Rjukan for anledningen for å besøke ein kamerat. Me kosa oss masse ilag både før og etter ungane blei lagt i 20-21 tida. Den nybakte 1 åringen måtte sjølvsagt feirast litt denne helga og. Gjestane hadde med seg fine presangar, og mammo hadde diska ihop noko godt å spisa.
Jubilanten fekk anledning til å prøva den nye rosa kjolen som farmor har strikka. Den satt som eit skudd. Gjestane er her representert ved Kristina sin fadder Susanna.


Mammo fekk æren av å hjelpa til med å åpna dei spanande pakkene.
Søndagen tumla me oss ut i det fine været Sotra hadde å by på denne dagen. Eit snev av vår i lufta... Ungane fekk leika seg litt ute. Kristina testa ut disso på leikeplassen for fyrste gong. Den falt i smak!
Etter me hadde kosa oss på leikeplassen ei stund, gjekk me oss ein liten tur, og då sovna prinsesso i vogna si ;-)

Bursdagsfering med familien!

Tenk at eg allereie har fylt 1 år folkens! Eg skal seie tida går! 30.mars var den store dagen min. Søndag 3.april fekk me besøk av slekta. Men kvifor har dei plasert denne rosa tingesten opp på hovudet mitt? Blir man kongelig av å fylla år? Det er alltid så mykje å setta seg inn i... (sukk).
Det var jo ein fin bamse du hadde laga mamma, men kva skal me gjera med den tru?


Etter bespisningen (smakte godt med kaker) var det tid for gaver. Heldigvis hadde me ein erfaren 1 åring på besøk. Kusine Mari er god å ha når man f.eks. treng hjelp til å pakke opp presanger.


Kusinene var einige om at det hadde vore ein triveleg kveld!

mandag 14. februar 2011

Sydensnuppa vår :-)

Hei folkens! Gjett om det var deilig å krabbe rundt på balkongen på Lanzarote i nettoen! Kan anbefalast på da varmaste ;-) Eg heldt balansen med tunga mi, så går det så bra...
No koser me oss felt du pappa :-)

Lanzarote 5-12 februar 2011!

Me har akurat komt heim etter ei veke på Lanzarote! Me var veldig spente på korleis Kristina ville lika seg, spesielt på korleis flyturen til og fra ville gå. Flyginga gjekk heldigvis veldig bra. Begge vegar sov Kristina i starten og var våken og blid resten av turen. Største problemet me fekk på ferien, var å få Kristina til å sova på dagtid. Det hadde ho ikkje tid til, for ho skulle ha med seg alt som skjedde. Det som fungerte best var å trille tur, slek at ho sovna i vogna.
Her koser Kristina og mamma seg i bassenget på hotellet.
Me var for det meste heldige med været. Overskya ein dag, ellers sol, men ein del vind.
Hotellet hadde heilt grei standard. Fyrst fekk me ein leilighet på bakkenivå. Dag to fekk me bytta til ein leilighet med balkong, for Kristina har no blitt ein resar på å krabba. Når me satt ute ved den fyrste leiligheten, blei det ikkje mykje avslaping på mammo og pappen, for dei hadde nok med å hanka inn igjenn vetlo, som krabba avgårde. På balkongen kunne me slappa litt bedre av, for der kom ho ikkje så langt. I løpet av ferien har Kristina også fått sving på å reisa seg opp etter alle tenkelige ting. Det er opp å stå som er kjekt!

Kjekt å sitta høgt på pappen sine skuldrar, og få litt overblikk på denne merkelige plassen.
Me gjekk mykje tur i området rundt hotellet, men ein dag leigde me bil, og tok oss ein sightseing på øya på eigenhånd. Lanzarote er ikkje større enn at me kjørte ca. rundt heile på ca. 3 timar. Her er me heilt nord på øya. Lanzarote er ei vulkanøy og i bakgrunnen er det masse svart lavastein.
Kristina koste seg veldig i den nyinnkjøpte trilla si. Der kunne ho sitta og sprella med tærne imens me slentra avgårde.

På slutten av ferien fekk Kristina eit utbrudd med eksem på , kroppen. Ho hadde litt tendensar til eksem før me reiste, men i løpet av turen blei det mykje hissigare, og på fleire plassar. Kristina var ein del urolig og rastlaus på slutten av oppholdet. Me tenkte at ho kanskje hadde søvnunderskudd, og var litt overstimulert, men det kan være at utslettet klødde ein del og. Det ser ikkje godt ut, minner veldig om atopisk eksem. Personleg mistenker eg solkremmen me brukte til ho, for å ha utløyst eksemet, så fra no av blir det spesialkremmar. Er igang med å smørra ho med nyinnkjøpt salve, for å prøva å få eksemet vekk, og det har blitt mykje betre no.
Ei nøgd jente i vogna si! Dette kan me gjere flerie gongar...