9-10.april hadde me storfint besøk av mamma sine veninner med smårollingar på Sotra! Pappen hadde evakuert til Rjukan for anledningen for å besøke ein kamerat. Me kosa oss masse ilag både før og etter ungane blei lagt i 20-21 tida.

Den nybakte 1 åringen måtte sjølvsagt feirast litt denne helga og. Gjestane hadde med seg fine presangar, og mammo hadde diska ihop noko godt å spisa.

Jubilanten fekk anledning til å prøva den nye rosa kjolen som farmor har strikka. Den satt som eit skudd. Gjestane er her representert ved Kristina sin fadder Susanna.

Mammo fekk æren av å hjelpa til med å åpna dei spanande pakkene.

Søndagen tumla me oss ut i det fine været Sotra hadde å by på denne dagen. Eit snev av vår i lufta... Ungane fekk leika seg litt ute. Kristina testa ut disso på leikeplassen for fyrste gong. Den falt i smak!

Etter me hadde kosa oss på leikeplassen ei stund, gjekk me oss ein liten tur, og då sovna prinsesso i vogna si ;-)
Va ei skikkeli koselig helg! Kristina e kjempe søt!! Me må gjera detta att snart! Klem Marianne
SvarSlett