I dag har me vore på 4mnd kontroll med vetlajento vår. Kristina var blitt 6280 gram og 61 cm. Ho var som kjent under gjennomsnittet då ho kom til verda, men no har ho klatra godt på vekstkurven, og er berre så vidt under gjennomsnittet.
Helsesøstra var imponert over kor sterk Kristina er i kroppen. Noko av det kjekkaste ho gjer er å stå på beina sine. Ho står kun med litt støtte, for ho er naturleg nok ustø, men ho kan stå i fleire minutt. Dei fleste babyar på denne alderen klarar ikkje dette, men sviktar i knea.
Ellers så har ho blitt veldig flink til å gripa etter rangler og "føra dei til munnen" som helsesøstera sa. Ho har ikkje begynt å snu seg endå, men det begynner nok å nerma seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar