Den 5-10 august tok me oss ein tur til Holmefjord igjen. Dar likar me oss veldig godt alle saman. Me håpte jo på litt sumarvarme, men det blei det desverre lite av. Eit og anna glimt av sol, men for det meste overskya. Me koste oss alikevel. Det var fint turvær så me traska og gjekk. Kristina er fortsatt så lita at ho kan sova i vogna om natta, så det gjer ting veldig enkelt.

Me koser oss i stova på hytta. Snart leggetid for minsten. Då blir ho smal i augo..

Me har dekka på til kveldsmat: rundstykker, pålegg, te og... baby! Ikkje alltid like kjekt å ligge nede på golvet. Spesielt ikkje når ho byrjar å bli trøtt. Me får prøva å ikkje la det bli ein vane heime.. hehe...

Mor og storebror er ute og går. Me snakkar om vind og vær (og vaflar) imens tullemor tar seg ein formiddagsblund i vogna si.

Lekse fra helsesøster til Kristina og oss, er at ho må ligge meir på magen, for å bli sterk i nakken. Far og storebror er engasjerte pådrivarar...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar