søndag 12. desember 2010

Julebakst 2010

I haust har det vore veldig mykje sjukdom i familien. På grunn av dette har blogginga komt i andre rekke, så det byrjar å bli lenge sidan sist. Men no går det bedre med alle dei sjuke, så då er det på tide å blogga igjen!

I dag var me på julebakst heime hos Gøril i Åsane! Kristina var ivrig tilskodar, ho fekk ikkje tak i deigen, for den hadde nok gått rett i munnen... Ser de forresten at ho byrjar å få hår!
Anthony kunne skriva under på at Kristina hadde fått meira hår sidan sist
! To tannebissar har ho fått nede. Men dei har ho hatt eit par månader no, så me venter på at ho skal få fleire. Oppe kan me sjå tenna under huden, så det kan ikkje vera lenge før dei kjem igjennom huden.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar