mandag 13. september 2010

Sumar i september!

Sidan forrige innlegg har me atter ein gong vore på Holmefjord. Me trives så godt dar, og det er ikkje noko problem å ha med seg baby dit.

Denne turen fekk me kjempefint sumarvær frå mandag til fredag! Deilig etter ein heller kald sumar. Lørdagen kom regnet, og då reiste me heim igjen.

Kristina har fått vore mykje ute desse dagane. Ho får lov til å sitte litt opp i vogna no, for ho er så nysgjrrig på kva som foregår rundt seg. Når me er på tur har ho ikkje tid til å liggja nede i vogna og sova.

Nysgjerrigperen... stiv i blikket over alt ho får sjå. (For det meste trær langs vegen på Holmefjord).


Etter me kom heim igjen på Sotra, har me starta med litt prøvesmaking på graut. Det meste havnar alle andre plassar enn i magen... men øvelse gjer mester :-)



1 kommentar:

  1. Graut er berre begynnelsen på matvarer som havner alle andre plasser enn i magen.. Prim i håret og makrell i tomat på den fine kvite bodyen... Snakkes til helga! :)

    SvarSlett