Påsken i år, tok me på hytto til bestemor og bestefar!
Me reiste opp skjærtorsdag, og ned igjen 1 påskedag, og me hadde fine dagar! Flott vær og godt selskap!

Påskeharen (les bestemor) hadde vore og fylt i egget til Kristina. Der var det mykje å tygga på... det er ikkje snop, men hårpynt ho smakar på ;-)

Det var i påsken det verkeleg løsna med gåinga til Kristina. Ho tok eit vitaminglass i hånda, og gjekk resten av kvelden. Det var berre litt vitaminar som skulle til!
Ei stolt jenta i sving.
"Kva er eigentleg poenget med desse brillena? Eg kan sjå heilt fint utan... Eg protesterer på å måtta bruka dei! Men grauten smaka godt... det er noko med den fjelllufta..."

Hui kor fort det gjekk i meisa, på ryggen til bestefar, då me stilte i påskerennet på påskeafto. Det var kjekt å få vera med! Kristina var definitivt årets yngste deltakar. Kanskje tidenes yngste...

Det blei også tid til eit rolig slag sjakk med kusinemoren på påskeafto. Me tilskuarane er litt usikre på kven som vant, men verdenspressa var heldigvis til stade og fekk dokumentert begivenheten... som de kan sjå i bakgrunnen ;-)
Fine påskebilder! Og trur sjakkslaget endte ganske uavgjort... ;)
SvarSlett