Ei stund sidan eg har blogga no, men eg har vore så frykteleg trøyt. Har ikkje hatt overskudd til noko som helst. Men det er visst normalt...
Var til legen i går og spaningen var stor, for han skulle prøva å finna fosterlyd for fyrste gong. Den burde han finna no når eg har komt såpass langt på veg... og han fant den heldigvis!!! Eg kjente at skuldrane senka seg nokre hakk!
Har hatt ein del symptomar med kvalme tidleg om morgonen og seint på kvelden, og trøttleik. Men eg kjenne jo ikkje noko liv dar inne endå... det er vel ikkje så lenge igjen no, før eg byrjar å kjenne spark!
Den planlagte ultralyden nærmar seg og med stormskritt!
Etter litt "om og men" i telefonen med KK, og lange utgreiingar i andre enden om kor vanskelig dette var, fekk eg flytta ultralyden 8 dagar fram. Dette medfører at vordane far får vera med. Me hadde fått time etter at han var reist ut igjen på jobb. Når me har time vil eg vere 17 veker og 2 dagar på veg. Det er litt tidleg, men me får satsa på at det gjer samme nytten som timen som var ei veka seinare...
Fastlegen min var grådig grei, og sjukemeldte meg i 50% i 3 veker! Dette gjer meg ein sjangse til å få henta meg litt inn igjen. Eg følte formen steig nokre hakk umiddelbart, så dette skal nytast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar