17 vkeker + 1 dag, og det kan eg skrive med veldig stor sikkerhet, for me var på ultralyd i går! Alt såg greit ut, og den nøyaktige terminen er satt til 3.april 2010.
Me var inne til ultralyd i nesten ein time. Fyrst var det ein ung kvinneleg lege, som tydeligvis var på opplæring. Ho gjekk igjennom alt på fosteret frå topp til tå, og når ho var ferdig, så var det ei jordmor som gjekk igjennom alt ein gong til, for å dobbeltkontrolere at ho var einig i alt legen hadde komme fram til.
Var spesialt å sjå knøttet i magen, som dreiv og turna. Gjorde masse bevegelser, som eg ikkje kunne kjenne. Eg kjenner av og til bevegelse om dagane, som eg tenker må stamma frå knøttet, men dei er veldig svake endå.
Min kjære har, vore fast bestemt på å ikkje få vite kjønnet på barnet. Eg hadde ein plan om å prøva å sjå om eg kunne sjå noko sjølv, uten å spørra jordmor/lege... men eg måtte gje opp. Eg klarte ikkje å sjå noko, så eg leve fortsatt i uvisse om kva me får. Men det viktigaste er selvfølgelig at knøttet er friskt! Så får me litt ekstra spaning på slutten då..
Eg føler formen min er stigande no. Har vore trøtt, slapp og kvalm i vekevis, men dei siste par dagane synest eg det har komt seg. Har vore sjukemeldt i 50% ei stund, og skal gå i 50% i 2 veker til. Det har vore utruleg godt. Dei dagane eg har vore på jobb i denne perioden, har eg sove middag i 2-3 timar etterpå, og vore heilt skutt.
Det som eg ser veldig fram til no, er å bli tante! Min bror og svigerinne har termin i morgon!! Dei venter ei lita jente. Foreløbig har vetlo hatt god tid, så det blir spanande å sjå korti det skjer noko:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar