lørdag 5. september 2009

10 veker + 3 dagar

Var til fastlegen i går, for fyrste svangerskapskontroll!
Alt gjekk greit, men eg hadde utslag på urinprøven, så eg skal ringe over helga for å få vite om eg treng antibiotika. Hadde 4+ på laukocyttar, så prøven blei sendt til dyrking. Har ikkje hatt symptomar på noko infeksjon.
Det blei tatt ein del blodprøvar og. Blant anna Hcg (svangerskapshormon) prøve. Så blir spanande å få høyre om den er innanfor normalen...

Det var for tidleg å lytta etter hjartelyd i går. Har fått ny time 28/9, og då skal legen lytta etter hjartelyd! Han sa han var veldig sikker på å finna den neste gong, for då har eg komt eit godt stykke lengre:-) Timen etter neste legetime blir til jordmor.

Formen min er veldig fin no. Eg er nesten heilt kvitt kvalmen. Kjenne berre litt antydning, visst eg blir svolten. Ellers blir eg ganske trøyt og slapp innnimellom, men eg klara fint å gå på jobb. Må berre kvila meg litt godt når eg har fri.
Glede meg veldig til det går ann å høyra hjartelyd og kjenna liv i magen. No har eg så lite graviditetssymptomar, at eg ikkje heilt kan tru på at det er liv inni dar...
Magen min har fått ein liten kul, men no synest eg nesten magen har krympa litt igjen.. hehe.. Får håpa det er innbilling;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar