Det er på tide å riste av seg ammetåka og få skrevet ned fødselshistorien! Ei opleving eg seint vil gløyma. To netter på rad vakna eg i 03 tida, med smerter i magen, som kom og gjekk i nokre timar. Begge nettene sto eg opp og prøvde å finna ut om det var noko mønster på smertene, men dei var veldig uregelmessige. Ikkje var det særleg sterke smerter heller og etter nokre timar ga dei seg heilt.
Tirsdag morgen då smertene hadde gitt seg igjen, sendte eg sambuar og storesøster Viktoria avgårde på slalom på Kvamskogen, for dette kom nok til å ta si tid. Det var fortsatt 4 dagar til termin, og eg var sikker på eg skulle gå på overtid. Lite ante eg om at snuppo ville sjå lyset før dagen var omme...
Om formidaggen sov eg nokre timar og slappa av. Då sambuar og storesøster kom igjen i 14.30 tida, var alt fortsatt roleg. Sambuar kokte rømmagraut og kl. 15.00 satte me oss til bordet. Eg kjente at smertene begynte å komma tilbake igjen. Slanga meg på sofaen etterpå og prøvde å følga med på kor lang tid det var mellom det som kunne minna om rier. Dei kom frykteleg uregelmessig.
I 19.30 ringte eg til KK og spurte om å få komma inn på sjekk. Eg synst dette hadde pågått ei heil stund no, så det hadde vore greit å bli undersøkt. Dama på KK sa at eg kom nok til å bli sendt heim igjen, for av det eg fortalte, kunne ho seie med veldig stor sikkerhet at eg ikkje var i fødsel. "Tru meg, du VEIT når du er i fødsel, for då er det ingen tvil.."
Viktoria for avgårde til ei veninne, og Ketil og eg satte oss i bilen for å køyre Balder (hunden) til Arna, for å levere han til svigers... for sikkerhets skyld.
Me var veldig sikre på å bli sendt heim igjen, men det kunne jo hende at me måtte inn igjen i løpet av natta...
Me kjørte fra Sotra kl. 20.30. På veg til Arna hadde eg for fyrste gong regelmessige rier. Dei kom med ca 6 minutters mellomrom... men dei var fremdeles ikkje særleg vonde.
I bilen fekk eg ein melding av mamma som eg utsatte å svara på. Ho spute korleis det sto til og eg tenkte eg skulle svara berre eg var blitt undersøkt.
På Arna gjekk eg ut av bilen ein liten tur og sa "hei" til svigers. Då eg satte meg inn i bilen igjen skjedde det noko. Fra det øyeblikket og til me kom fram til KK kl. 22, kom riena tett som hagl, og det gjorde VONDT. Ikkje gjorde det saken bedre å riste rundt i ein bil i Grimessvingane heller. Det var ein laaang kjøretur.
Ketil beholdt roen veldig bra. Då me svingte inn til KK, freste eg til han om han "måtte køyre i alle humpane han såg". Det var umulig å ungå litt humper, for dei holdt selvfølgelig på med noko vegarbeid.
Me stolpra oss inn inngangen, og dama i luka kunne fortella oss at eg skulle på Storken. Det hadde eg ingen planar om, for eg ville ha epidural (for svingande). Dama begynte å ringe rundt på huset, og i mellomtida gjekk me på toalettet. Der gjekk for sikkerhetsskyld vatnet mitt.
Eg begynte vel å ane at eg ikkje hadde så lenge igjen til fødsel, men eg klarte ikkje å formidle til nokon kor langt eg antageleg var komt. Eg kunne jo heller ikkje vite før eg blei undersøkt, kor langt eg var komt i prosessen. (Ei ubehageleg kjensle. )
Fra me parkerte utanfor til eg endeleg blei undersøkt, føltes det som om det tok ein evighet. I følge Ketil tok det ca. 10 minutter...
Jordmora fortalte etterpå at då ho helste på meg, så tenkte ho at "det blir nok ikkje noko fødsel i natt". Ho viste oss inn på eit undersøkelsesrom. Papirena mine låg igjen i bilen, og ho ville ikkje undersøka meg når ho ikkje hadde dei, så Ketil måtte stikka og henta dei.
På dei par minuttena han var vekke, begynte det nok å demra for jordmora at eg hadde komt lengre enn ho fyrst trudde, ettersom eg hadde nokre veldig tette rier og ho oppdaga et eg blødde. Eg var i mi eiga "bobla" så eg sa ikkje så mykje.
Endelig skulle ho undersøke meg. Håper du at du kan få epidural, eller håper du at du snart skal føde" spurte ho. "Epiduraaal" sa eg. "Eg har så vondt". "Du har 9 CM åpning!" sa ho. Det var ein lettelse at dei ansatte no visste korleis ståa var. Det bar rett inn på ei fødestova, og eg kunne berre sette igang med å presse om eg ville det.
Midt oppe i det heile tenkte eg på at det var ingen i familien som var klar over at me var i fødsel. Det var kun svigers som visste at me i det heile tatt skulle inn på ein sjekk. Men me hadde ikkje tid til å underretta nokon, det måtte vente.
Klokka 23.45 var Kristina ute, etter ein time med pressrier. Mor sjølv klypte navlestrengen, faren er litt pysen når det gjeldt blod... Eg skalv så kraftig på handa etter anstrengelsen med fødselen, at eg trudde eg skulle klyppe av jordmora eit par fingrar, men det gjekk på eit vis. Ein liten halvtime etter at fødselen var overstått ringte eg til mine foreldre. Dei fekk tidenes overasking når dei fekk høyre at fødselen alt var over.
Fødslar er heftige greier, men akk så fantastisk- kvar gong! Artig å sjå kor forskjellige dei oppleves :) Du e flink å skriva, kjekk lesing! :)
SvarSlett