tirsdag 11. august 2009

Hei!
Har i dag blitt inspirert til å starta min eigen blogg. Inspirasjonen er mi svigerinne, som og har starta blogg. Min bror og ho venter barn i oktober, og på bloggen, kan venner og familie følge med på innspurten.
Min blogg kjem til å handla om noko av det samme... eg er nemmeleg også gravid! Føreløbig er det berre min kjære og eg (og ein lege på legevakten) som veit om det, for eg er berre 7 veker på vei.
Det kan hende eg forteljer det til ei god veninne i ettermiddag, som eg skal besøke, får sjå:-)

Eg kjem ikkje til å gje bloggadresso mi ifrå meg på ei stund endå. Det er så frykteleg tidlig i svangerskapet endå, så ting kan fort gå gale.
Hadde vore veldig koseleg med to så tette søskenbarn, det vil bli ca. eit halvt år imellom dei!
Men eg er faktisk sjukemeldt denne veka, på grunn av blødning... så det begynner jo bra...
Har fått beskjed om å kvile mest mulig.
Eg har veksla veldig mellom trua og tvilen på at dette skal gå bra. Eg har iallefall ikkje mangel på graviditetssymptomar: kvalme, dårleg matlyst, trøttheit, overfølsom luktesans m.m.
Skal til fastlegen på fredag, så får sjå om eg klarer å grina meg til ein tidleg ultralyd.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar