Er no 8 veker på veg. Var til ultralyd for 2 dagar sidan, og fekk sjå eit bitte lite hjarte som banka! Grunnen til at eg fekk så tidleg ultralyd, er at eg fortsatt har blødningar... dei vil foreløbig ikkje gje seg...
Gynekologen kunne ikkje seie sikkert kvifor eg blør, men sa eg fekk koma til ein ny time, hvis det ikkje gjer seg. Håpar det gjer seg snart!
Då eg var til legen tok eg blodprøvar, og dei var fine. Eg er kraftig plaga med trøttleik og kvalme no om dagen, og det er gode tegn;-)
Har måtta fortelja ståa til sjefen, ettersom eg har vore sjukemeldt. Ba i samme slengen om å få sleppa å gå natt framover. Det sa ho var greit. Eg byrjar i ny turnus 1. september uten nattevakter! Gode greier:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar